Vis enkelt innlegg
Gammel 15-03-07, 09:37   #26
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Dere som vedlikeholder vekten?

Merkeleg dette her... For dette er ein ting eg har tenkt masse på eg òg: Når vert eg overvektig? har eg vore det heile livet?

Eg har eit bilete frå ein campingtur eg var på ilag med far min, då eg var 7 år... Eg HUGSAR så godt kva eg tenkte då det biletet vart tatt... Eg stilte meg sånn halvvegs på sida og dekka til magen... Herreguuud!!! Eg var jo berre 7 år og tenkte at eg var tjukk!!! Gåsj...

Og slik har eg tenkt det i heile oppveksten! No skal det seiast at eg har levd med ei mor som har prøvd den eine kuren etter den andre oppigjenon, og ikkje skjult det for meg. Og då eg gjekk i 9.kl fekk ho meg med på GreteRoede... Så, eg har på ein måte alltid vore bevisst kva som er "rett" vekt og kva som er "feil" vekt... Ja, vekt vekt vekt!

Men, det var då eg vart kjærast i 10kl. eg for alvor gjekk opp i vekt! Mamma pakka på meg p-pillet, og med ein bukspyttkjertel nesten ute av funksjon gjorde at eg la på meg 20kg (!!!) på eit halvt år! Eg fauk opp frå å vera ein NORMAL ten-åring på 60kg (heilt supert i forhold til høgden min!) til å verta 80kg!

Alt på grunn av mamma. For eg har aldri hatt noko særleg usundt kosthald...

Er litt bitter på dette her med mamma altså! Men...

SÅ vart eg jo gravid og la på meg utrulege 30kg! Vog 73kg då eg vart gravid, og ei veke før fødselen vog eg 100kg! Men berre este ut pga masse vatn, så eg var nok over 100kg då snuppa vart fødd... Eit par mnd etter fødselen var eg nede i 80kg, men amming funka ikkje på meg, så i sommar (-06) berre auka og auka vekta att... Så tok eg tak i meg sjølv då den passerte 88kg...

Så, eg gler meg til å komma meg ned i vekt att! Sjå korleis eg faktisk VAR då eg var passe tynn! Jess!
Men det er litt skummelt òg ja... Er jo LENGE sia eg var "normalvektig"...
<men det skal vera godt å sleppa mamma sitt mas.....

Åj... dette vart langt! Men *pjuh* så godt å få det ut! Hehe!

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat