|
Sv: Opphold på helseklinikk
Hei igjen
Vel, no har eg vore på Alm i litt over ei veka og stortrives.
Går masse, trener masse og et masse god mat. Har på første veka gått ned 2,3 kg, synes det er bra sjølv om eg veit at det er mest vatn
Har forresten vore reportasjar i fleire blad og aviser om Alm i det siste..
Kosten er stort sett "vanleg" norsk mat, men dei brukar spelt og amaranth i staden for kveitemjøl, me får også villris og faktisk litt potet. Bakar brødet sjølv her. Me et 7 måltid til dagen for å få opp forbrenninga og det går heilt fint, iallefall så lenge eg er her 4 hovudmåltid (frukost, lusj, middag og kvelds) + 3 mellommåltid (litt nøtter og grønnsaker, frukt og 1 yogurt).
Det tøffaste er å vera vekke frå dei som er heima, men veit at det berre er 3 veker igjen så det går bra det også.
Treninga vert det tøffaste for ein må ha litt sjølvdisiplin slik at ein kjem seg ut på tur når ein skal, sidan det ikkje er trenarar med på morgonturen kl 07:00 då går dei fleste ein runde på ca. 45 min. før frukost. Sidan går det slag i slag... 
__________________
Du er ikke nøyaktig den samme i morgen.
Bare den som forandrer seg, kan fortsette.
|