Vis enkelt innlegg
Gammel 08-03-13, 10:53   #137
Filifjonka
Medlem
 
Filifjonka sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2013
Innlegg: 320
Filifjonka er en juvelFilifjonka er en juvelFilifjonka er en juvel

Sv: Himalayasalt, et vidundersalt?

Opprinnelig lagt inn av smgj, her.

Det jeg fnyser av er folk som er så historieløse at de ikke ser at det som er vitenskap i dag kan være kvakksalveri i morgen og at det som er overtro i dag kan være bevist om 10-15 år...

Altså den fastlåste tankegangen. Skal man følge den så VAR kolesterol farlig for 10 år siden mens det ikke er det lenger.

(Og var det ikke sånn at 60% av skolemedisinen ikke er "bevist" - mener å ha lest det?)

Vi brukar nok ordet vitenskap ulikt. Vitenskap er ein metode for å finne ut korleis ting verkeleg heng saman. Med vitenskap kan ein finne ut om medisin virkar eller ikkje virkar, for eksempel. Det ligg i vitenskapens natur at det ikkje finst evige sanningar, fordi ein alltid kan finne ut meir. Om ein i morgon finn ut (med anerkjende vitenskaplege metodar) at f.eks. himalayasalt kan gjere underverk for diverse, så vil det vere eit vitenskapeleg resultat. Om ein finn ut at penicillin faktisk fungerer på ein helt anna måte enn det medisinen trur no, ikkje virker i det heile tatt f.eks., så er det også eit vitenskapeleg resultat. Det er meiningslaust å kalle denne prosessen at "kvakksalveri blir vitenskap eller vitenskap blir kvakksalveri". Massevis av naturmedisin og urtar osv er påvist å faktisk virke, då blir det definert som medisin og ein del av den vitenskapelege skulemedisinen. Massevis er også påvist å ikkje virke i det heile tatt, og folk som likevel sel dette med påstandar om at det virkar, er kvakksalverar og vindlerar. Så finst det sikkert eindel naturmedisin osv er det kanskje ikkje forska nok på til at ein verken kan avvise eller inkludere.

Forsking er ein prosess og i sin natur ikkje fastlåst tankegang. At det finst eindel folk innanfor vitenskapen som er fastlåst i sine eigne greier er sikkert sant (eg vil påstå kanskje særleg innanfor ernæring no for tida...), men også dei må faktisk forhalde seg til ny forsking rundt seg. Og det som tilslutt vil vise om dei har rett eller tek feil i sin påståeleghet, er vitenskapen. Ikkje youtubevideoar.

__________________
Filifjonkejournalen
Filifjonka er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Moderat lavkarbo Svar med sitat