|
Sv: Hva leser du nå?
No held eg på med ALTFOR mykje på ein gong.
Eg bestemte meg for å gi Game of Thrones ein sjanse til, etter å ha sett litt på serien, og det er eg glad for. Så eg held på med den OG Orlando av Virginia Woolf (om eg no berre kunne hugse kor eg la boka hen forleden, og det er biblioteksbok så den bør helst ikkje bli borte, måtte låne den heilt frå høgskolen i Stavanger til og med) men ikkje nok med det, så kom den siste i Wheel of Time-serien i posten til meg, A Memory of Light ... No er det for mykje på nattbordet og for lite tid. Og eigentleg har eg ei novelle eg må bli ferdig med innan utgangen av månaden også så eg burde skrive heller enn lese no om dagen
Korleis var det - hadde vi andre Wheel of Time-fans her inne?
__________________

|