|
Sv: Augustprat 30+
Åguhjelpemeg, nei det er da heldigvis ikkje heile huset som skal til pers i denne omgangen. Kjøkkenet trong ein REAL nedvask, så der var det VELDIG nødvendig. Mange års tjukke lag med feitt og inngrodd støv og det eine og det andre i krikar og krokar. Aldri om eg skal stå og gnikke og gnure med skummande glatt såpevatn igjen, ikkje når salmiakken er så fantastisk effektiv!
Men når det gjeld taket på badet, så er det fordi eg skal male det, og da bør det vaskes ned først. Salmiakkdunsten er ganske heftig, om eg hadde planlagt betre kan det tenkast eg hadde investert i maske før eg satte i gang.
Og no har eg spist middag, og mellomjenta mi var klar på at det var taco-dag sidan det er fredag. Eg bruker vanlegvis pakke fyllet inn i eit stort fint salatblad, men i dag hadde eg lyst til å variere og prøvde meg på denne proteinlefsa - nok ei strålande oppskrift frå Lisbeth. Nam, nam.
__________________

|