Då har eg laga knallgod marsipan, av valnøtter 
Dette er andre forsøk, og eg er fornøgde. På første forsøk malte eg valnøttene med stavmiksar,
og massen vart alt for feit. Det beste er å male
nøttene med kvern, då blir ikkje feitt frigitt på samme måte.
Denne marsipandeiga vart smidig og knallgod å jobbe med. Lett å trille ut i pølser og til kuler.
Trur det er viktig å vere veldig nøyaktig med vekt, om en skal ha ett godt resultat her.
Oppskrift til ca 250 g ferdig marsipan, som gir 30 passe små kuler:
155 g valnøtter, malt på fin innsats med TW-kvern
52 g eggekvite
30 g tagatesse
1 ts vaniljesukker - laga av sukrinmelis med vaniljestenger i ett tett glas.
1/2 ts tragant
Bland alt det tørre sammen, før du blandar inn eggekviten. Kna til ei smidig deig.
Du kan godt la deigen få ett opphold i kjøleskapet, innpakka i plast,
før du lagar kuler.
Men det er ikkje nødvendig.
Sjokoladetrekk til denne porsjonen er knapt 50 g,
eg brukte 70 % sjokolade.
Eg smelta den i mikro. Men den kan selvfølgelig smeltes over vannbad også.
Når eg dyppar kulene i sjokolade, er denne potetgaffelen ett perfekt redskap.
Kjøpte den på Til Bords, for 69 kr.
Lat sjokoladen dryppe av før du legger kulene til 'tørk'.
La kulene ligge ei stund i kjøleskapet før du legger dei i ei boks, for oppbevaring i kjøleskapet.
Då er påskemarsipanen klar
Og her er blogginnlegget.