Då har eg prøvd ut den nye sausejevnaren min på brun saus -
JIPPI, det vart skikkelig brun saus

Sellerirot er berre fantastisk, og allsidig
Oppskrift på brun saus:
100 g sellerirot, kutta i terningar
2,5 dl vatn
Kok sellerirota mør i vatnet, ca 15 minutt.
Mos med stavmiksar.
Ha oppi ca 2,5 dl kraft frå kjøttet du har steikt,
og ca 0,25 dl kremfløte.
Salt og pepper, om det er nødvendig.
Pitte litt Worcestershiresauce
5 dråpar sukkerkulør, om du ønskar sausen skikkelig brun.