|
Sv: Muskler vs fett og litt til å lure på ...
Ja..kanskje hunden er ein bedre fettforbrenner en eg trudde - eg som var i ferd med å avskrive han (han er gamal, men førig enno..)
Det er vel kun den eine spinninga som ER intervall, den andre er "vanlig", men sidan eg ikkje har trent spinning på nokon år (jf røykeåra..) så blir all spinning intervall. For til no har eg har havna rett opp i melkesyre, brukt tid til å "ta meg inn" igjen for så å fortsetje timen. No begynner eg å kunne trene som det skal gjerast jf pulssoner som blir opplyst på skjerm. Det måtte altså gjere litt vondt ein månad Lørdagspinnen er bonustrening (når eg orkar/gidd) det skal egentlig vere svømming om Lørdagen.
Både spinning og styrke har vore mine favoritt-treningar i dei ti siste åra (minus altså dei to røykeåra der det kun vart styrke). Styrken er litt av og på, men alltid ein gong i veka.
Skal ikkje bygge, men tidligare ryggproblem osv har lært meg at å halde meg nokonlunde sterk i kjernemusklatur og dei store muskelgruppene held meg oppe og går. Styrken er jo ganske standart og har trent med veiledning i lange tider, så eg stoler på at eg gjer øvelsane riktig.
Ser at eg kan bli lei, men akkurat no er eg så lykkelig for å kjenne formen komme og ikkje minst velværet. Vel å surfe på det ei stund. Men har veldig lyst å høyre ka som kan gjerast annleis (vil beholde styrken, spinninga men kanskje redusere antall gonger til ein? to? )
Erstatte ein av spinningtimane med hundetur i godt kupert terreng? Det går jo mot lysare tider. Må nevnast at jogging/springing er uaktuelt. Har prøvd å bli "jogger" mange gonger, men trur eg alltid går i den klassiske fella med å ta i for masse og knapt greie å kome meg heim etterpå. Samt at eg ikkje alltid har disiplinen som skal til. (Været, mørket, glatt ute...alt eg greier å få til i hovudet mitt). Alt som inneber hopp og sprett og koordinering av armer og bein er og et ork (liker å tømme knollen og berre trene kroppen når eg først trener.)
he-he kanskje det no vart tydligare kvifor det kun er spinning og styrke.
__________________
|