Vis enkelt innlegg
Gammel 26-12-11, 21:18   #105
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Desemberskravletråden 30+

Det har vore ei fin jul så langt. Vi feira julekvelden med foreldra mine, veldig koselig Så kom ho Dagmar, da, og blæs og herja. Vi bur såpass langt inn i fjorden at det var vel ikkje det verste som kom hit til oss, berre eit par mil utover, i byen, stod det verre til, trur eg. Og enda lenger ut, på kysten og på øyene var det nifst og øydeleggande: dette her syntes eg var trist

Men for oss her var det ikkje så ille. Ikkje vart vi straumlause heller, enda det blinka ein del. Internett forsvant, da. Og det var jo forferdeleg for meg og kjærasten som satt så altfor langt frå kvarandre og var jule-ensomme og ville prate. Det var 15 lange timar, haha.

Eg gløymde forresten at det er mandag i dag. Skulle jo ha gått på vekta i dag tidleg, men det var jo helg...! Får ta det i morgon. Eg har skjeia ut og, eg! Spist potet, og lefse, og gulrot, og til og med smakt saus med mjøl! Hoi meg sjøl, men det er no jul berre ein gong i året.

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat