|
Sv: After eight
Eg prøvde desse i går. Og eg var så aldeles sikker på at eg hadde tragant i huset frå nokre år tilbake. Men ikkje om eg fann noko tragant i korgene mine med kake-ting-og-tang, nei! Det var flytande glukose, og kremotartari, og spiseleg lim, og det eine og det andre. Men ingen tragant. Så eg fant ein gammal (men uåpna) pose med gummi arabicum og tok i ei teskjei av det i staden, berre sånn for å sjå kva som skjedde.
Det blei altså ikkje seigt. Men smaker godt, gjer det jo. Lagde fylt sjokoladekonfekt av det. Grei nok, men det hadde vore perfekt om det vart seigtflytande. Her må eg prøve meir, med tagatesse og tragant, forstår eg.
__________________

|