Vis enkelt innlegg
Gammel 22-12-11, 10:44   #96
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Desemberskravletråden 30+

Restemat på Juledagen var litt framand for meg. Ribba held seg nokre dagar i kjøleskapet, vi har ribbe til julefrukosten heile romjula igjennom. Men du kan naturlegvis også fryse, korleis det blir med svora veit eg ikkje, eg har ikkje prøvd å fryse langsteikt ribbe med slik god svor nokon gong.

I dag vakna mellom-jenta tidleg og kom i kleda superfort, og lurte på om ho blei for sein til SFO. Nei... nei, klokka var da berre sju. For i dag var det Bingo på SFO nemlig. Det er veldig populært. Størstejenta veit eg ikkje eingong om ho er vaken, for ho har overnatta med ei veninne og da blir det seine kveldar og seine morgoner. Minstemor får vere heime og jage julesnask med meg i dag. Så får eg vel vaske og prøve å gjere det litt fint her, eg også. Lille-lillejuleaften, minsann! Hoi!

Burde nok tatt meg ein tur og kjøpt litt meire julegåver, men det er så hektisk og kaotisk no rett innpå jul, så eg lurer på om eg ikkje berre får vere nøgd med det eg har.

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat