|
Sv: Sellerirot. Er det sesongvare?
Eg skreiv jo til Coop og spurte kvifor dei la røtene i plast, og ba dei spesielt om å TA BORT PLASTIKKEN (mindre arbeid om dei kuttar plastinga, og det er miljøsparande også), men takka dei for at dei i det minste selde sellerirøtene sine HEILE og ikkje oppskore. Eg sa også at eg syntest den var altfor dyr her i landet, og at eg har blitt veldig glad i grønsaka i løpet av 10 år i utlandet.
Svaret eg fekk var:
Sitat:
Hei,
Sellerirot presenterer vi skrelt i biter pakket på et brett og plastet.
I tillegg selger vi hel sellerirot som er plastet. Meningen er at dette skal gi rotveksten bedre holdbarhet i butikk og at den ikke tørker ut.
Under oppstart ny sesong selger vi den med gress.
Eller helt enig med deg i at den både er sunn og god i mange forskjellige sammenheng.
Kva goddagmannøkseskaft?! Kanskje eg skal skrive tilbake og spørje om han verkeleg har lese spørsmålet mitt. Eg skreiv nemlig også at pga at dei legg røtene i plast, så blir rotenden blaut og brun og rotnar fortare...
Engledans, har du moglegheit til å handle i Sverige, gjer det med godt samvit. Det er berre tull at slike ting er så dårleg behandla og SÅ dyrt her i landet.
|