Takk, folkens! Har ikkje lyst til å knerte det fine, nye kjøleskapet heilt enno. Så då prøver eg det, ei stund. Det blir litt høgt ja (180cm), men det frigjer så mykje plass på kjøkkenbenken at eg vil prøve det ut. No må eg berre få tak i ei skøyteledning, for sjølvsagt er ikkje ledninga på mikroen lang nok til å nå ned til kontakta på veggen. Det burde vere nok plass til alt av kjøling og lufting. Eg kortslutta ein mikro vi hadde før ved å steame den med ei kasserolle. Så det skal vi ikkje gjere igjen!