Har hatt skritteljar i sikkert 3 år, og har den på kvar dag. Anbefalar Omron Walking Style II for dei som ikkje har fått seg ein enno, dei toler mykje! Eg vaska mannen min sin, på 40 grader.... Etter eit par dagar tørking med batteriet tatt ut, så var den like fin! G-sport køyrer kampanje på denne typen no og då. Har også ganske stillesittande arbeid, men går til og frå jobb/toget kvar dag så sant tida tillet det. Eg loggar stega på bloggen min her inne. I går vart det 9462, torsdag 10178, onsdag 11696, tysdag 10852 og mandag 13441. Det blir moglegvis ikkje så mykje i dag...