|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
...og helga pratar me IKKJE om... stikkord: masse besøk, bryllaup, lav viljestyrke... Rekn på det sjølv!
Eg har funne ut at mini er utroleg ved puppen når eg et høgkarbo. Det vil sei, eg skal gjera eit forsøk no når eg kjem attende i gjenge, følgja godt med på korleis han oppfører seg når han får mat, og så om eit par tre veker ha ein dag eller to med "vanleg mat og snop..." og sjå korleis han reagerer. Det verkar i alle fall som om han vert meir i ulage når eg er slepphendt...
Uansett, no er det back in action! Hehe! For helga snakkar me framleis IKKJE om 
Lurer på korleis eg i det heiletatt kan vera inspirasjon for nokon som helst så vinglete som eg er.......... det viktigaste er no at eg er ærleg om at eg vinglar, og at eg gjer eit tappert forsøk kvar gong - nokon gongar er eg målbevisst og får ting til, andre gongar tråkkar eg galant i salaten. Men men, that's life, og eg er tross alt berre menneskleg eg som alle andre - ikkje laga av berre stål med andre ord 
No skal eg laga meg ein knallgod knekkebrødfrukost, har allereie snart drukke ein halv liter med vatn. Merkeleg kor alt vatnet eg hiv innpå med forsvinn henn - ut puppen! Hihi! Eg går på do morgon og kveld, om eg er heldig får eg skvist ut litt midt på dagen - poden har dyvåte bleier ørti gongar om dagen! I dag tissa han på stellebordet òg...! Haha! Jaja, godt han får tilført godt med næring til systemet sitt - det er det viktigaste  
Ha ein flott dag alle saman! No - frukost tid 
|