|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
GOD FREDAG FOLKENS!!!
ja, då er det atter ein gong helg... og det er deilig! Sjølv om me skal i bryllaup denne helga òg, må me ikkje reisa LANGTVEKKISTAN for å komma oss dit - ti minutt med bil er alt som trengs!!!
Vel, på tide med oppdatering... sjølv om vekta er over måte snill i dag - 75,1kg!!! - må eg vel erkjenna mine synder i går likevel... og her kjem unnskyldningar på unnskyldningar for kvifor dagen vart som den vart (me kjenner vel alle til desse "gode!" unnskyldningane som kjem inn i hovudet når me gjer noko me strengt tatt ikkje burde??? )
Jodå, me fekk besøk! Av tanta til gubben, som ville sjå mini! Og ho hadde med seg ei kveitekringlekaka med GLASUR på! (nam! - men AOOO!) Så, middagen vart utsett nokre timar (fordi me fekk besøk av nokon før dette òg, så middagen måtte fint venta), noko som resulterte i at eg var SUPERSVOLTEN!, og svaaaaak... Me heiv i oss middagen (fiskesuppe med sprøsteikt bacon til....!!! Heimelaga lavkarbo sjølvsagt, full i feitt!), og heiv oss deretter over kveitekringlekaka med GLASUR!!!... Eg tok to små stk...
Og som om ikkje det var nok; eg nemnde eg vart svak... så då besøket var reist åt eg liksågodt litt snop, samt to husmanknekkebrød med brunost.........
Og unnskyldningane??? IKKJE GODKJENDE for å sei det slik! HAHA! Men eg kan ikkje anna enn å le, for når eg tenkjer attende på kve eg tenkte då eg forsynte meg av noko høgkarbo - så er det utruleg kva hjernen min brukar som argument for å "win me over!!!"...! Ganske komisk! Og eg syns det er sååå fornuftig der og då...! 
Så, i går vart dagen sjåande slik ut:
Frukost: tacosalat (små middagsrestar frå dagen før).
Lunch: eit beger yoghurt (av sorten jordbær, Tine, 18g karb)
Middag: fiskesuppe med bacon, to stk kveitekringlekaka...
Kvelds: eit beger yoghurt (type Tine, melon, 20g karb), to husmanknekk med brunost, snoooop.....
Jaddaoooo! Mykje skvip på ein gong kan du sei!
Og likevel var vekta supersnill??? Hmm.... heng ikkje heilt saman dette her, men skitt au! 
Du syns kanskje eg tek litt for lett på slike utskeiingar? Ja, i dag gjer eg det, i dag kjenner eg eg er i toskete humør rett og slett! Om det kjem av at jentungen tek buss ALEINA til og frå skulen i dag for fyrste gong, eller om det er sukkersjokk - det veit eg ikkje...! 
Ha ein flott dag alle saman! 
|