|
Sv: Augustskravletråden 30+
Da skulle de ha klikka på wææææææææææææææææææl og fulgt linken 
Kjempespennande, mizzim!
Min formiddag var forferdeleg. Eg har hatt det ganske ok på det kurset eg er på, er saman med ein fin gjeng. Men i dag måtte vi gjennom kartlegging av ferdigheter i lesing, skriving og matematikk. Det har eg gjort ein gong før for nokre år sidan, og det var ei ubehageleg oppleving, men i dag var det rett og slett grusomt.
Eg har ikkje problem med norsk, men eg kortslutta på matematikken, og blei sittande og skjelve og gråte da eg ikkje klarte å rekne ut eit enkelt substraksjonsstykke. Blei tatt tilbake til det eg så hendig har "gløymd" frå angstanfall på eksamen og sånn. Det positive i dag er i alle fall at eg ikkje sprang hylande ut av klasserommet med påfølgande tur til psykologen. (Og det er bra, for eg har ingen lenger, dessverre.) Men uff. Påminning om at eg har litt å jobbe med, her, om eg har tenkt å endeleg kome med gjennom eit studium. Har mislyktes mange nok gongar no.
Er det andre som har problem - ikkje først og framst med matematikk, men med meistring av tankar og kjensler i ein slik stress-situasjon? Eg har nok eit problem med umenneskeleg høge krav til meg sjølv og kanskje eit for stort fokus på uviktige detaljar. Eg vart til dømes sittande etter testen og tenke på korleis eg hadde satt ring rundt svaralternativa i ei oppgåve i staden for å sette strek under, slik det stod i teksten. Og korleis det mangla 2 komma i ei oppgåve der vi hadde blitt bedt om å sette inn manglande punktum. Det forstyrra meg slik... teksten berre skreik etter å få komma, men det hadde jo ikkje oppgåva bedt om. Det var ikkje det som var viktig der.
Eg var kjempesliten i ettermiddag... Glad eg ikkje treng å dra inn tidleg på kurs i morgon.
__________________

|