|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Home sweet home!
Fyttigriiiisen kor godt det var å koma heim til si eiga seng, sitt eige hus, sine eigne TING! Ah, eg slappa momentant av då eg la meg i halv 12 tida i går kveld, det til tross for megastressande dagar på "ferie". Stakar gubben, var heilt kaka i går han òg... Eg spurde om han angra på familielivet, men det gjer han heldigvis ikkje
I dag må eg laga knekkebrød. Me var ikkje så superflinke i går, sia me besøkte brudeparet og vart servert kaka. Og eg ELSKAR kaka, og sia eg ikkje fekk smaka på bryllaupskaka på sjølve dagen, MÅTTE (???dårleg unnskyldning...) eg ha eit stykke og litt til i går.... Uff og uff.... Hihi! Men AKK så godt!
No er frukosten (lunchen) fortært. Dagens meny kjem seinare.
So long folks! 
|