|
Sv: Hvorfor spiser DU akkurat som du gjør?
Eg har alltid vore opptatt av helsa og kosthald. Og syns at det er utrulig fasinerande kor stor påverknad kosthaldet kan ha for heile livet. For sjølvtillitten, for figuren, håret, huda, neglene og ikkje minst energinivå. Fram til no i sommar har eg følgt Statens Råd for Ernæring sine råd, minimalt med metta fett, mykje frukt og grønt og som student har havregryn blitt brukt i store mengder.
Men, eg har svinga i vekt, nesten alltid ønska meg ned nokre kilo. + at eg på eit kurs i diabetes no i sommar blei veldig inspirert av kursholdaren som sjølv sverga til lavkarbo som forebyggande mot diabetes, og ikkje minst som behandlande for type 2. Her målte me også fastande blodsukker, kor eg hadde 6,1 og 5,6. Dette er i faresonen for metabolsk sjukdom, og eg som alltid har passa på å ete det er trudde var sundt blei bekymra. Var eg likevel i risikosonen for å få diabetes, til tross for at eg alltid har vore så "påpasselig" med kosthaldet.
Same dag var det rett inn på nettet og lese om lavkarbo, no er dette rett over tre veker sidan. Mange bøker er lese, og timar tilbrakt for å sette meg inn i dette. Eg er heilt overbevist, eg vil ete LCHF resten av livet. For, å forebygge livsstilsjukdommane, halde vekta(gjerne gå ned i vekt/fettmasse), sleppe å tenkje så masse på mat(før telte eg alltid timane, skulle ete kvar 3-4 time, få i meg minst 3 grønnsaker og 2 frukt, 3 einingar med meieriprodukt osv) og kunne ete masse god mat med god samvittighet.
|