Vis enkelt innlegg
Gammel 10-08-11, 11:21   #30
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)

PJUH! - skal sei det har vore aktivitet her inne i dei seine kveldstimar! Hihi! Så koseleg!

Vel, i går kveld sat eg litt nervøs og forfjamsa og tenkte over kva eg et om dagane, mest pga at de kommenterte at eg kanskje får i meg for lite...! Men, eg tenkjer; kva skal eg gjera då når eg ikkje er så svolten?
Fyrst så tenkjer eg at eg kan byta ut lavkarboknekkisar med HUSMANknekk. Då får eg litt "gratis" auke i karbisane. Ut over det kan eg kanskje eta meir frukt. Det har eg ikkje gjort på lenge, mest fordi me gjekk tom
Yoghurt trur eg held med eit beger om dagen.
Elles så skal eg bruka gr.saker i middagen som kanskje inneheld litt meir karbisar enn den vanlege blomkålen/brokkolien... me byrjar verta litt smålei kokte duskar, så no skal eg gjera ein liten innsats og bruka litt andre gr. saker.

I går kveld, smånervøs som eg var, åt eg to knekkisar (lavkarbo) med pålegg, og ein ganske stor neve med peanøtter og rosiner. Noko har skjedd med meg ein eller annan plass, for tidlegare MÅTTE eg eta opp alle nøttene i skåla, men no står halve skåla att... Eg veit ikkje kva som har skjedd!

I natt har me hatt ei litt slitsom natt. Eg merka ganske fort i går ettermiddag at poden dreiv med auking, då han helst hang på puppen fram til han sovna i 21 tida. Han vakna att då i 23 tida *sutt sutt smatt smatt*, så i 2 tida - då sutta og smatta han i over TO timar, og eg holdt på å gå på veggane... Så vakna han att i halv 6 tida, sutta litt, sov litt, sutta litt... jah...
No har han underholdt seg sjølv og makka på i sofakroken attåt meg ei god stund, men han skal HELST henga på puppen....!
Håpar det roar seg litt utover dagen, og at han helst søv i ettermiddag når me skal feira bursdagen til jentungen på leikeland i to timar.

TENKT - jentungen er 6år i dag! Gåsjameg! Klokka 21:03 i kveld kan eg skåla i eit glas sprudlande brus og tenkja at det er vel blåst 6 år sia ho kom til verda!

Vel, no er det ein som krev meg her, og puppen tenkjer eg... så eg får avslutta før ja... helsiken bryt laus... haha!

Klem til alle saman! Og ha ein STRÅLANDE dag!

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat