Vis enkelt innlegg
Gammel 07-08-11, 16:27   #5
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)

Eg lova jo ei update for leeeenge sia (onsdag?), men eg har igrunnen vore opptatt! Hehe! Eg er jo eit levande meieri og gutetassen syns det er veldig stas å okkupera fanget mitt for å få mat/puppekos...!

Anyway, på lavkarbofronten går det veldig bra! Det vil sei, for gubben sin del må han læra seg å styra seg. Han et litt store porsjonar til frukost og kvelds, mest av alt pga at han er så glad i knekkebrødet eg lagar. MEN det er betrakteleg betre med 3-4- lavkarboknekkisar enn 4 skiver!
Med meg går det òg bra, eg held meg til opplegget og kjenner meg mykje lettare i kroppen Vekta er no nede på 77kg, det vil sei 3 kg vekke denne veka, 11kg av gravidvekta vekke No har eg 10kg att før eg er der eg var Det vil sei 17kg til saman, men foreløbig konsentrerer eg meg om å koma meg ned der eg var før eg vart gravid

Elles brukar eg dagane på research, eg har nemlig - med støtte av gubben OM me får økonomien til å gå rundt!!! - bestemt meg for at innan 10år skal eg vera sjukepleiar og forhåpentlegvis jordmor! SPANANDE! Eg satsar på deltid sjukepleiarutdanning slik at eg kan ha jobb i tillegg. Då vert det 4 år sjukepleiar, deretter minimum 1 år i arbeid, for deretter å forhåpentlegvis koma inn på jordmorutdanning 2 år...! ÅH, kor eg gler meg!
Dette er framleis i babyfasen (rett og slett!), så eg må leita og tenkja og finna ut av mykje før eg sleng meg på for å sei det slik Eg har jo allereie ein bachelor som eg vart ferdig med i fjor, så dette steget eg evt skal ta ut i ny utdanning må nøye vurderast (sjølv om eg meir enn ein gong har tenkt at eg har vald feil dei siste åra på skule!).

Håpar de har det bra alle saman!
Skal legga inn dagsmeny for i går og i dag etter dette!

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat