Vis enkelt innlegg
Gammel 03-08-11, 09:53   #1
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)

Ja, då var det på tide å laga ein ny tråd for meg sjølv her. Skulle vel strengt tatt ha laga meg ein journal eller ein blogg eller eittelleranna, men eg er ikkje så dreven med dette her, så det er lettast for meg å laga ein tråd rett og slett

No går eg inn i min tredje dag på lavkarbo som ammande. Eg var slakk i tøylen dei siste dagane som gravid og dei fyrste dagane på ammings, og fann ut at 1.august passa meg ypparleg å ta tak i ting att. Så på måndag var det full fres - og det beste av alt er at eg har fått gubben med meg Han er superflink!

Eg har baka både brød og knekkebrød - det er jo så enkelt!
Så i tillegg til "vanleg lavkarbo a la ketolysestil" et eg litt frukt og yoghurt for å få karboinntaket litt opp pga amminga. Kjenner kroppen krev litt meir enn berre proteiner og feitt. Så langt har det gått bra, magen er i godhumør att og kroppen spelar på lag med meg

OG tarmsystemet er oppe å gå att etter all for treg passasje då poden tok all plassen inni magen!

No er gullguten ei veke alt, eg har gått gjennom berg og dalbane kjenslemessig (har hatt nokre rundar med barseltårer kan du sei!), me har overlevd eit såkalla "ammedøgn" (guuud kor slitsomt både psykisk og for niplane mine...akk...) og poden bæsjar på DO!!! Fantastisk! Så då klarer me det meste!

No er det frukost som står for tur. Gubben køyrer jentungen i barnehagen medan eg ammar og står i. Han er GULL verd han mannen min *kjærleik*

Før eg avslutter skriv eg opp gårsdagens meny:
Fruksot: eit knekkebrød med smør og ost, ei skive med smør, servelat, majones, agurk.
Lunch: då sov eg.......
Middag: wok steikt i olje og smør, svinekjøt, litt soyasaus.
Kvelds: Eit knekkebrød med smør og ost, litt skyr med fløyte på.
Frukt: ei halv banan, eit halvt eple, nokre druer.

Eg veit eg åt litt lite i går, men det kjem av at eg sov vekk heile lunchen. Eg og poden sov i tre timar... Må jo nytta sjansane!

Dagens kjem i kveld eller i morgon!

Flott dag til alle saman!

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat