Vis enkelt innlegg
Gammel 23-07-11, 09:18   #35
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: 22. juli 2011, en dag vi aldri vil glemme!

80 flotte norske ungdommar vart skotne og drepne. Vi kan berre håpe at det ikkje blir fleire, av dei som vart skadde. Eg kjenner til ei av dei. Hennar interesse er å gjere verda til ein betre stad. For alle. Ikkje berre for seg sjølv.

Eg deler ikkje det politiske synet, men engasjementet og entusiasmen og det ungdommelege håpet for framtida... Korleis kan ein mann gjere noko så grusomt? Eg klarer liksom ikkje heilt ta inn over meg det som har skjedd, for det er så enormt og så forferdeleg. Men vi må reagere, det er det menneskelege i oss som reagerer på vanviddet.

Nettopp det at folk legg ut flagg osv er ikkje uviktig. Det er ein måte vi kan symbolisere at vi bryr oss. Ingen liv skulle gått tapt i går. Tapet av kvar og ein av desse menneska skaper ubotelege sår. Men dei stod for noko som var viktig for dei sjølve, og for oss andre som bryr oss om kvarandre. Ingen kan bringe tilbake ein einaste av dei vi mista, men vi kan hedre det dei stod for, og vise at vi bryr oss ikkje berre m varme tankar men i handling, om enn lita og "uviktig". Vise at vi vil ta det med oss vidare i den framtida dei skulle vore ein del av.

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat