|
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Dagens syteinnlegg....
Har lagt på meg 19kg!!!! Og eg som har vore superflink på lavkarbo, trudde jo vekta ville gå litt ned istadenfor OPP!
Eg føler meg som ein elefant!
Målte låra mine nett, dei har auka med 4-5cm!
Det skulle vore fysisk UMOGLEG å legga på seg så mykje på så kort tid!
Fyttigriiiiiiisen eg gler meg til poden er ute og eg kan for alvor trimma litt att, OG verta kvitt desse gravidkiloane!
Anyway.... I dag skal eg på akupunktur... Kan de tenkja deko - eg som lir av verdas største sprøyte/nåler-inn-i-huden-skrekk skal på akupunktur! Eg kjem til å daua...
Eg starta dagen klokka halv 6 med eit eple... No har eg nett ete havregraut (3ss havregryn, nesten ein dl fløyte og litt vatn, ei ss smør og steviadråpar og kanel), og det vart knallgodt! Skal ikkje ta så mykje stevia i nestegong, vart litt for søtt, for kanel er jo òg litt søtt i smaken...
Lurer på kva eg skal ta meg til med fram til eg reiser. Er komt asfaltfolk på plass utanfor huset, så sova kan eg ikkje. Vakna kl kvart over fem i dag, har allereie sett ein film, og kunne tenkja meg ein blund, men dei bråkar fælt desse asfalt maskinene.
Jaja, det var dagens! Ha ein flott ein 
|