|
Sv: Skravletråd for gravide
Cherry! Dette er ikkje noko du skal gå å bekymra deg for i det heiletatt! Det er mogleg ein revnar litt ja, men å tenkja at ein vert ein del av den lille prosenten som revnar herifrå til helvete, er berre unødig bekymring og bruk av energi. Dessutan har du jo no lest artikkelen og veit at får du problemer i ettertid så tek du heller ein kikk for mykje enn for lite hjå legen/gynekologen :-)
Eg vart klipt ved fyrste, men har ikkje opplevd noko problematisk i etterkant. Ikkje kjenner eg noko til arret, ikkje slitt med musklatur eller noko.
Så, ikkje sluk all den negative vinklinga som er ute og går kring fødsel. Skal ein tru media i dag, er det livsfarleg å føda! Rart me i det heiletatt tør verta gravide spør du meg, om me berre skal ha det fokus allmuens mediadekning har....
|