Mmmmm høyrest flott ut (Ikkje Athen, altså... ) Eg vakna tidleg i dag og det er heilt ok for eg har jo nok å gjere. Og det er så herleg å ha positive, koselege, deilige tankar når ein vaknar om morgonen og legg seg om kvelden. Tenk at eg var så sønderknust for berre to månader sidan. Ja det treff oss når vi minst ventar det. Eg er veldig spent på korleis det blir m lavkarbovennleg mat i helga når eg skal reise bort og bu på hotell. Fikk høyre i går at frukosten på staden går i brød/knekkebrød/frukostblanding osv m vanleg pålegg. ("Sunn og god vanleg norsk mat") Eg får vel gjere som eg pleier når eg er litt usikker - pakke nokre avocadoar i veska, har ikkje ferdig laga lavkarbobrød eller knekkebrød liggande på lur nett no. Satsar på at det vil gå rimeleg greit med alle måltidene vi får, sjølv om eg ikkje på nokon måte reknar med at det blir perfekt frå min ståstad, så blir det vel alltids ei råd Anarko: Du må skaffe deg regnjakke da, vettu! Livet mitt blei totalt omvelta da eg skaffa meg ei lett vanntett jakke! (Dyr, men fullstendig verdt det!) Ikkje akkurat veldig glad i å vere ute i regnet eg heller, med mindre det er slik deilig skybrudd som ein får midt på sommaren når det har vore lummert heile dagen og så plutseleg opnar himmelens sluser seg i eit fantastisk varmt regnver med lyn og torden... eit slik regnvær du berre må springe ut i og la det gjere deg blaut til skinnet på eit minutt. Det er skikkelig deilig... men ellers er eg altså ikkje glad i regn eg heller. Med lett god vanntett jakke så er det faktisk ikkje så ille likevel