|
Sv: "Jeg lurer på"-tråd, forhåpentlig med enkle, korte svar
Det finst to typar mandelmel ute og går, som ein kan kjøpe. Det eine er finmalte mandlar utan så mykje meire hokuspokus. Det andre er finmalte mandlar som også er feittredusert. Brukseigenskapane må nok bli litt ulike mellom dei to typane, men eg har ikkje sjølv prøvd dei side-om-side og samanlikna. Her på forumet og i andre LCHF-oppskrifter vil vel "mandelmjøl" normalt vere det feittreduserte frå Funksjonell Mat.
__________________

|