Vis enkelt innlegg
Gammel 24-06-11, 13:11   #133
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo

Kjenner eg vert meir og meir "nettavhengig" no når orken til å gjera andre ting er redusert... Så kvifor ikkje berre gje livsteikn frå meg her inne i tråden min?

Vart dårleg med skjærgårdstur i går gitt... Statsraaden hadde problemer med maskineriet, så ho vart liggande til kai... Ikkje så spanande for vår del då me har sett bryggen og Bergen ganske mange gongar tidlegare. Så me heiv i oss litt reker og gjekk på kino i staden. Såg Limitless, var utruleg nok underhaldande!

Etter mykje trasking i går, oppdaga eg at leggane mine var litt hovne då me kom heim. Men det er nok naturleg ettersom eg gjekk ganske masse i går, samt at eg gjekk med støvlettar som vart både varme og ubehaglege pga 2cm hel! Hehe! Uansett, ikkje på langt nær så full i vatn som eg var på same tid med storesøster! Eg har framleis ringane på i alle fall

Elles sov eg lenge i dag -deilig! Sov og sov, eg duppa av innimellom... har ete ein betre frukost, tatt meg god tid, og tenkte no eg skulle svinga malarkosten litt ute i gangen. Er jo som dei seier -godt med alt som er gjort!

Seinare vert det Ikea, vetlo skal til far sin i helga, middagskos på meg og gubben og avslappings på sofaen i morgon skal eg i utdrikkingslag heile dagen (må sei eg kvir meg litt pga den store magen som er i vegen) så då må eg henta meg litt innatt på sofaen i kveld

Ha ein flott dag!

Ps. Framleis 82kg! Spent på om eg klarer å halda meg der til kontroll på måndag, sia eg sist hadde gjort eit sprang på 5kg... Hadde vore greit med berre to kilo i pluss denne gongen

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat