|
Sv: Ned til Sankthans!
Ekstra Oppdatering, sånn her på sankthansaftens-dagen... Har latt min daglege kopp espresso bli eit minne blott, og har prøvd å drikke litt meir vatn (eller Farris rettare sagt, har eigentleg bra vatn i springen men det har ikkje frista meg i det siste). Det har ikkje blitt veldig mykje meir. Eg har stått og gått like mykje som sist veke, men har kjend dag for dag at det har vorte mindre vatn i føtene, og i dag da eg vakna så tenkte eg at eg skulle stoppe på vekta for å sjå korleis det hadde gått.
Oppstart 25. april 2011 96,6 kg
1 veke.. 2. mai. 2011 97,4 kg + 0.8 kg
2 veker. 9. mai. 2011 100,0 kg +2.6 kg (+3.4) 
3 veker 16. mai. 2011 96,6 kg -3.4 kg (-0.0) 
4 veker 23. mai. 2011 96,4 kg -0,2 kg (-0,2)
5 veker 30. mai. 2011 95,6 kg -0,8 kg (-1,0)
6 veker. 6. juni 2011 96,8 kg +1,2 kg (+0,2)
7 veker 13. juni 2011 96,0 kg -0,8 kg (-0,6)
8 veker 20. juni 2011 97,0 kg +1,0 kg (+0,4) 
........23. juni 2011 95,6 kg -1,4 kg (-1,0) 
Ja sjå der, kor stor skilnad det kan bli på berre nokre dagar!
Får halde meg av koffeinet ei stund til. Så uforståeleg det enn er for meg, skal ikkje koffein vere vanndrivande...? Men eg har sett/mistenkt i periodar før også, kaffi kvar dag = vektoppgang og ødem.
Så, foreløpig har eg i det minste endt opp lågare enn da eg starta, enda eg ikkje kom i mål, men det er da i det minste noko 
__________________

Sist redigert av Zillah : 23-06-11 kl 10:22.
Årsak: mangla eit teikn, og setninga vart temmeleg merkeleg
|