|
Sv: Nybegynner og prøver treng hjelp
Hei og velkommen! 
Eg anbefaler å lese nybyrjartråden, den er informativ og god. Det kan også vere lurt å finne seg ein filosofi å følgje, det kan gjere det litt lettare.
Om eg skal kommentere det du har lagt ut av mat, så er det etter mi meining litt mykje fiberrik, og litt lite protein. Et du noko varm mat i løpet av dagen?
Kvifor brukar du fløtepulver? Eit av poenga med lavkarbo er jo å ete rein mat, er usikker på kor reint og bra fløtepulver er. Eg kutta til dømes ut kaffi på jobben sjølv, fordi der berre er pulverfløte, og eg gløymer å ta med eigen fløte.
|