Vis enkelt innlegg
Gammel 20-05-11, 19:06   #17
Sunroad78
Medlem
 
Medlem siden: Jul 2010
Hvor: Larvik
Alder: 47
Innlegg: 298
Sunroad78 er på en erverdig vei

Sv: Når "slipper" normalt kiloene ..?

Mine erfaringar er mykje av det same som dokke som "berre" har +/- 10 kg som skal av, sjølv om eg skulle/skal ned masse. Eg blei skikkeleg dårleg første 1-2 vekene, plaga med dårleg mage, svimmel, haudeverk, svetta masse, kviser over ALT, tørr hud, frykteleg dårleg humør og lett påverkeleg av bakterier (jobba i bhg).

Så endra det seg etter drøye 14 daga. Kroppen fekk betre energi, eg sov mykje betre, meir normal kroppstemperatur (opplevde faktisk å fryse inn i mellom), kvisene forsvann, huda betra seg betrakteleg og humøret endra seg til det positive

Eg var flink å starte med måleband rimeleg tidleg og prøvde å ikkje fokusere så mykje på vekta. Noterte ned alt eg åt og la det inn på diett.no. Klarte å halde meg på 15 gr kh pr dag og 95% kom frå grønsaker, resten frå melkeprodukt som rømme/fløte/smør. Var kjempe strikt og i løpet av 1 mnd hadde eg mista nesten 10 kg og ca 50 cm av kroppen. Etter 4 mnd hadde eg gått ned 17 kg, så blei eg lei, møtte veggen og desember var eg tilbake til høgkarbomat og eg blei igjen dårleg (drøye 4-5 kg opp). Tok meg saman i januar og har no klart å gå dei 4-5 kg nedatt (men det har tatt tid, energi og frustrasjon).

Har dei siste månadane trena mykje meir enn eg har gjort tidlegare og merkar at kroppen blir strammare. Vekta står tilnærma stille, men eg veit at fettprosenten går ned og muskelmassa aukar, men musklar er mykje finare enn fett

__________________
Min journal
Sunroad78 er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Lavkarbo - 50-100 gr kh pr dag Svar med sitat