Vis enkelt innlegg
Gammel 06-05-11, 20:32   #99
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Maiskravletråden 30+

Næ, det var vel unødig spydig av han. Han kan vel ikkje vite kva du har tenkt, og om du så hadde "tenkt å legge det igjen" så er det da mange betre måtar å prate til kunden enn som så! Det var nok mannleg pms, tenker eg, og det er det ingen kur mot

Men så fint at du traff på ei omtenksom og hyggeleg jente på banen, da. Det er så godt at det framleis fins kjekke folk som tør å bry seg!

Eg har hatt ein fin dag. Måtte tidleg opp til eit møte på morgonkvisten og hadde ikkje sove så godt, for måtte opp og tømme "koppen" fleire gongar i natt, men trass i "syndfloden" bestemte eg meg for å ikkje avlyse avtalen på treningssenteret litt seinare på formiddagen. Så eg køyrde ut og hadde nok ei fin treningsøkt i det fine veret (nei, nei, finvær er jo eigentleg ikkje relevant for trening innandørs, men likevel...) og fikk lagt opp eit nytt program m mykje meire målbar styrketrening som eg gler meg til å jobbe med framover.

Men no vart eg nettopp påmint på kor sur eg vart i går kveld, for etter at eg hadde lagt meg - og altfor seint syns no eg! - så vart eg vekt av at telefonen ringte, og eg vert alltid så nervøs når telefonen ringer om kvelden, for da tenker eg oj, no har det skjedd noko skrekkeleg med eit familiemedlem e.l. Så eg byksar opp av senga naturlegvis og styrtar ned trappa for å svare, men etter sånn 3-4 ring og like før eg har handa på røret, så sluttar det. Vi har nummervisning, og det er eit svært kjent nummer, nemlig frå norsk gallup.

Eg svarer alltid på spørjeundersøkingar. Alltid. Til og med når dei ringer på mobilen og eg har lite batteri. Så snill er eg, altså. Men da dei ringte igjen no nettopp, så var eg aldelesen ikkje snill. Hadde eg anledning til å svare på nokre spørsmål om bankar? Åjada, eg hadde absolutt anledning, men eg hadde ikkje lyst fordi dei vekte meg i går kveld og gjorde meg SUR. Så da så.

Zillah samarbeider nemlig IKKJE når ho er sur.

Men no er eg blid igjen, altså, og gler meg til å få ungane i seng så eg kan legge meg til ei ny og forhåpentlegvis roligare natt

til alle !

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat