|
Sv: Ikke gått ned et gram siden oppstart
Om det er noko trøyst, så har eg brukt 2 år på gå ned 15kg. Eg har ein del hormonproblem, som gjer at det går ultratregt. Men dette er det beste alternativet til eit godt liv for meg.
Kor lenge har du heldt på med ketolyse? Det kan ta litt tid før kroppen skjønar kva det er meininga han skal gjere.
2 liter vatn er ikkje spesielt mykje, berre så det er sagt. På ein vanleg dag på jobben drikk eg nærare 3 reint vatn, berre der. I tillegg kjem te, vatn heime etc. Drikk du eventuelt noko anna enn vatn, som sukkerfri brus?
Eg veit veldig godt at det er demotiverande når ingenting viser på vekta. Men har du sjekka med måleband? Eg har møtt folk denne helga, som ikkje har sett meg på 4-5 månader, som reagerte med at "oj, du har gått ned mykje sidan sist" - når det eigentleg berre er snakk om 2-3kg.
|