|
Sv: Diare av ketolysekuren
Kva et du? (For å få ein ide om kva som eventuelt triggar diare.) Eg har slite ein del med magen sjølv også. Prøvde Skaldeman ei stund, men då vart magen min fullstendig i ulage. Magen trivast betre med litt grønsaker til.
Hjelp mot kvalme er nok væske (vatn) og te av frisk ingefær. Det funkar!
Blåbær regulerer magen. Ein kan også blande ut litt fiberhusk i vatn, og drikke. Det smakar høgg, men det hjelper ...
Har du kutta tvert av på "vanleg kost" over på ketolyse? Kan det vere overgongen som er for skarp for magen din kanskje? Diare, hovudverk, kvalme brukar jo å gå over etterkvart.
|