|
Sv: Klagetråd #1
Denne tråden er perfekt. 
Eg har eksamen rett etter påske, men har korkje tid eller energi til å skrive på den.
Sjølv om eg har gått ned 14 kg, så kjenner eg det ikkje så mykje på kroppen. Det fører òg til at eg har ein umenneskeleg stor trang til å stappe i meg alle slags søtsaker. Dette fører igjen til at eg får verdas dårlegaste samvit, noko som ikkje akkurat gjer dagen noko betre.
For tida er eg i praksis på ein barne- og ungdomsskule, og skal ha siste dagen i morgon. Eg har blitt så glad i alle barna og mange av dei vaksne, difor veit eg ikkje korleis eg skal overleve når eg må tilbake til skulebenken att.
På nemnte barne- og ungdomsskule har eg "truffe" ein svært kjekk mann. Diverre har eg ein komplett mangel på sjølvtillit, og tør ikkje snakke med han. Eg hadde gjeve alt eg eig og har for å berre tore å gå bort for å snakke litt med han. Dumme, dumme overvekt som øydeleggjer all form for sjølvtillit. 
|