Då er det vel på tide med ei aldri så lita oppdatering att Det går så som så, og igrunnen veldig bra med meg sånn kosthaldsmessig for tida! Aktivitet får eg òg nok av, då eg heng i ute sia det vårast rundt huset! Superdeilig! Vert spanande korleis vekta ligg an neste gong eg skal på svangerskapskontroll... Har ikkje vegd meg på nokre dagar no, tru det eller ei kanskje i morgon? Me får sjå! I dag skal eg på gravidbading att, og i morgon er det 25 fullgåtte veker. Akk og vesann, det går fort og seint på same tid dette her... Sånn elles er eg enno meir plaga med kynnera... I går kom dei som perler på ei snor heile dagen. Utruleg plagsomt. Kunne ikkje vera borti magen utan at det strama seg, og eg måtte gå på do ørti gongar for om det fylte seg opp med to dråpar klarte eg ikkje gå rett og kynnerane vart meir aktive... Jaja, elles er eg i strålande form, så eg skal vel ikkje klaga igrunn... Håpar de får ein flott vårdag!!