Vis enkelt innlegg
Gammel 10-04-11, 08:13   #17
cato
Nytt Medlem
 
Medlem siden: Jul 2010
Innlegg: 8
cato er på en erverdig vei

Sv: Ketose og overspising

Takk for fine svar her, dykk set med mykje kunnskap!
Eit spørsmål, eg steiker ein pakke strimla bacon no, ifølge deklarasjon veg denne 150 g, men ferdigstekt veg eg denne til 82 g. Kva går eg ut ifrå, reell vekt?

Treninga mi, 2 timer i snitt: Vel, her er eg avhengig, dette har med eigenfølelse osv. Som sagt har eg vore bra i form, og ser etter ein veg tilbake dit. Vanleg dag er anten sykkel 2 mil til gymmet, 1 time styrke og så heimatt, gjerne hardkjøyr desse to mila. Eller langtur 5-15 mil alt etter form. Eller, topptur rundt i fjella her eg bur, ski eller løp.
Eg deltek i: Trondheim-Oslo sykkelritt, Bergen-Voss ritt, Birken, Jotunheimen rundt++ div mountain bike ritt. Løp:Skåla opp, Storehesten++ slik at trening er nokså viktig.

Badevekta er ikkje til å stole på, men den gjev ein indikasjon på rett veg. Eg har også feittklype, men tør ikkje bruke denne no..ja eg har eit forvrengt bilete av eigen kropp, men det får så være. Som tidlegare nevnt, bra form ifjor, ifølge klype 7%. Der likte eg å være, sjølv om fastlege, sambuar og alle rundt var bekymra og maste på meg mat, mat, mat.
I dag liker eg ikkje vekta, dette er då snart eit år sidan "godfølelse". Eg må inn på rett spor, finne balanse mellom mat og svolt, slik at godfølelse kjem tilbake.
Det blir jo også eit lite "press" på meg, sidan eg tidlegare har lykkast med vektreduksjon, så vil eg gjerne klare dette igjen og komme inn på rett spor.

For 6-7 år sidan var eg 111 på det meste, dog kun styrketrening med målsetjing størst mogleg. I fjor sommar 75 kg i mai/Juni. I dag 89. Kan også seie, 34 år og eit par dagar.

Ok, frukost, 3 egg og ein pakke strimla bacon frå first price, loggført i bokji.

cato er avlogget   Min kostholdsfilosofi: egen Svar med sitat