Vis enkelt innlegg
Gammel 07-04-11, 09:05   #11
Furine
Supermoderator
 
Furine sin avatar
 
Medlem siden: Aug 2009
Hvor: Heime på berget, ved havet
Innlegg: 4.044
Furine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressurs

Sv: Har gått ned mange kilo

Eg trur faktisk eg med handa på hjertet kan seie at eg vart overvektig av poteter og brød. Eg vaks opp i ein heim der vi åt ganske sunt (etter statens råd) og var i normal aktivitet. Mamma var kurshaldar for Grete Roede, blant anna. Vi hadde ALDRI Nugatti eller liknande heime, og mamma laga eige grovbrød. Mykje pengar hadde vi ikkje den tida, så det gjekk mykje i poteter, litt frukt og billig kjøt og fisk, samt ris.

I tenåra når alle andre vaks av seg kvalpefeittet la eg berre på meg. Eg trena handball, dreiv med hest, og sykla i fritida, var i ganske bra aktivitet. Men vekta auka. Dei einaste gongane eg åt snop eller søtt var i bursdagsselskap.

Det viste seg då eg var fylt 22 og endeleg fekk hjelp av ein endokrinolog med peiling, at eg hadde ganske kraftige hormonelle problem, noko som eg jo sjølv hadde ein viss ide om, men som eg aldri fekk noko skikkeleg respons på før det. Eg var til sjukehus og spesialistar mange gongar før den tid, men fekk aldri noko hjelp. Takk og lov at det finst legar som Hexeberg! Eg undrar meg nokre gongar på korleis livet mitt hadde sett ut no om eg hadde fått treffe ein lege som henne då eg var 15-16.

Ja, det finst folk som har ete seg opp i vekt på skitmat og er late, men det gjeld på ingen måte alle. Og JA, det er folk som går på lavkarbo for berre ein "quick fix". Eg er ikkje ein av dei. Med mine hormon på ville vegar er lavkarbo vegen å gå. Et eg feil mat, så sug kroppen til seg vatn og går opp i vekt.

Har heller ikkje tru på at kroppen MÅ ha korn. Du har tydelegvis god hjelp i det, og det er jo fint for deg. Men eg trur mennesket greier seg generelt utan. Forstå meg rett, eg ELSKAR godt brød, smaken er jo fantastisk, men det betyr IKKJE at eg har godt av det! Har hatt mykje mindre trøbbel med magen etter at eg byrja med lavkarbo. Men mitt problem var ikkje hard mage, heller det motsette. Flott at det fungerer for deg, men det blir feil å skyte ut ei pil og påstå at Hexeberg og alle andre "lavkarbobedrevitarar" tek feil. Dei aller fleste som går for lavkarbo har jo ein ide om å ete sunt og reint, og det er vel det det også kokar ned til, å ete sunt og reint, ikkje ete halvfabrikat og ferdigmat som er fulle av sukker, e-stoff, transfett og skit. Eg har blitt mykje meir obs på slike ting etter 2 år på lavkarbo no.

Furine er avlogget   Min kostholdsfilosofi: LCHF Svar med sitat