|
Sv: Kven er med som er gravide lavkarbofolk?
Oi, i dag er eg 24 fullgåtte veker!
Velkomen til nye gravide her inne, koseleg!
Moogie: eg et vanleg lavkarbo, det vil sei lavkarbobrød og feite pålegg, middagar med feite sausar minus pasta, ris, potet- et no litt gulrot i tillegg til blomkål, brokoli og liknande. I tillegg til dette et eg av og til litt frukt ( har nok vorte litt for mykje i det siste...kremt...) og litt yoghurt. No har eg fått litt dilla på å laga meg gele! Med litt blåbær eller jordbær i! Nam nam! Toppa med ein dæsj krem...ah... Lukke! Elles et eg masse leverpostei med majones... Det har vorte min "gravidting" denne gongen... Førre gong eg var gravid gjekk det i høgkarbo, og då særskild skummamjølk og grøne eple, pluss pasta og slike ting... Uffameg, så eg vil sei lavkarboskive med ein haug leverpostei og majones er mykje betre jah!
Det er berre til å prøva seg fram kva du trivest med lukke til vidare med bebimage 
|