|
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
I dag har eg planar om å skriva eit klage innlegg, og eg veit eg kan takka meg sjølv... 
Vekta synte i dag 73,8kg... Eg holdt på å besvima omtrent... What the fuck... Har det med at eg har byrja trena og kroppen held på meir vatn? Eller er det bigbiten eg åt i går? Er nok ein samanheng med begge delar. Men no er det full skjerpings! Kanskje eg har ete litt for mykje frukt den siste tida òg, har vore litt for laussluppen i fruktfatet. Så no er det innstramma til ein frukt om dagen.
Anyway, trur eg må droppa vekta og heller vega meg dei dagane eg skal til kontroll. Men då føler eg litt at eg misser kontroll over meg sjølv om eg ikkje held eitt auge med vekta innimellom. Er ikkje slik at eg veg meg kvar dag heller.
Men KOR har kiloane lagt seg? Eg kjem fint inn i mine førgravid bukser (minus å lukke den att altså) og føler vel igrunnen ikkje den store forandringa utanom på magen. Kan 6kg ha satt seg på magen då?
Jaja, ein ny dag, og fløyelsgraut til frukost! Nam! Skjerpiiiings Konkelimonke
|