Då er det på tide med dagens oppdatering: 1/2porsjon fløyelsgraut med to ts rosiner på. To heimelaga lavkarboskiver med leverpostei (masse!), agurk og majones! Nam! Ei pære. Torsk med eggesmør og brokkoli. Lurer på om eg skal ha resten av fløyelsgrauten til kvelds, evt litt yoghurt... Veit ikkje kva som freistar mest igrunn... Ingenting? Er ikkje så veldig svolten i dag kjenner eg... Må i alle fall laga meg meirn"skiver" då jentungen likte dei kjempegodt òg, så dei forsvinn fort! Hehe jentungen et ikkje mange karbar i løpet av ein dag ho heller, dei kjem stort sett frå litt gryn, litt frukt og litt skive innimellom. Eg er glad for at ho er såpass grei i matvegen at ho et det meste Nei, no er det vel skivemekkingstid...kanskje... Eller utsetta det til i morgon? Ja eg trur det, giddar rett og slett ikkje byrja med det no... Ha ein flott kveld alle saman