|
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Oppdatering etter hotellhelg!
Ja, då var me komt heimatt etter helg på hotell. Har vore ei heilt ok helg, då jentungen ikkje har vore heilt på topp. Uansett, når det kjem til maten har det gått overraskande bra. Til frukost og middag har eg holdt meg unna potet, pasta, ris og brød, men eg har ete litt dessert og frukt.
Det vil sei, til frukost i går åt eg eit rundstykke...
Vekta stoppa i dag på 72,6kg, og eg reknar med det meste er vomfyll rett og slett.
Gler meg til å starta skikkelig att i dag jah!
Byrjar dagen med ein kopp te, eg og jentungen skal straks eta frukost.
Elles er eg 2 veker 100%sjukemeld pga desse herrsens kynnerane... Om dei ikkje roar seg noko nevneverdig sa legen at det mest sansynleg ikkje vert så mykje meir arbeid dette svangerskapet... Utruleg ergerleg altså... Har jo gått rundt med desse kynnerane som berre har eskalert i styrke og mengde sia veke 13 no... Men, det beste er å lytta til kroppen sine signal, og per i dag er det uaktuelt med jobbing (barnehage) då det er ekstremt lite/ingenting som skal til før kynnerane set igang... Vonde er dei òg...
Vel, vel, eg får berre bruka tida på å pusta støv av gamle kunster som har logge litt på vent desse siste åra
Oppdatering kjem seinare i dag, ein goood dag til alle!
No må eg strekka ut og pusta vekk ei heftig kynner her... Sukk...
Klem frå Konkelimonke
|