|
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Anyway, sånn matmessig har det gått heilt okei dei siste dagane. Eg har vel vore nokon lunde lavkarbo.
I går åt eg veldig lite då, vil eg sei. Det vart no berre slik.
Frukosten bestod av cc og litt sukkerfritt jordbær, og så kom eg reett og slett ikkje på at eg måtte eta før middagen klokka 17... Ehem... Då åt eg to tacolefser med tilbehør.
That was it. Men men.
I dag har eg ete to lavkarboknekkebrød med pålegg til frukost, deretter ein bigbite då me var på farten, og torsk, sopp og litt brokoli til middag.
Ikkje så mykje det heller, men eg skal ta meg ei banan når innlegget er posta
Vekta held seg på 72kg, så eg er nøgd. Var på svangerskapskontroll i dag, jentungen var med meg eg har ein lege med ul-apparat på kontoret så det er vanleg at eg hoppar opp på benken kvar gong. Jentungen syns det var kjekt å sjå guttebassen i magen
Eg håpar de får ein flott kveld! Har vore litt sur stemning her i kveld, så no er gubben på rusletur ute, jentungen er i seng og eg sit i ein stol. Er ikkje alltid det kan vera like god stemning
Heihå frå Konkelimonke
|