|
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Heihå alle sammen!
Har ikkje vore på nett på ei stund, ser det har vore aktivitet her inne
Når det kjem til dette med middagsetinga til jentungen, gjer eg det fordi eg VEIT ho ikkje er mett, men det heller er "fakter", om eg kan kalla det det. For OM ho får sleppa, går det fem minutt og ho vil ha kvelds. Med mindre det er noko ho liker ekstra godt til middag, det går ned på høgkant, og ho venter ei god stund før svolten melder seg. Så, eg veit av årelang erfaring at det berre er snakk om "eg liker ikkje dette her, difor vil eg ikkje ha, men eg vil ha kvelds"... Uansett, godt tips å la ho forsyna seg sjølv! Det skal eg prøva ut
Og nei, eg tek det ikkje som kritikk på nokon måte, men som synspunkt
Eg har sjølv vokst opp med at det me har på tallerken skal etast opp. Men eg kom jo no på at ja- me forsynte oss sjølv det har eg rett og slett ikkje tenkt på. Og eg har aldri hatt nokre negative tankar kring dette i oppveksten heller... Men me er jo alle ulike
Uansett, no er jentungen såpass stor at ho kan forsyna seg sjølv, men regelem må då vera at tek ho maaaaasse sopp, så skal jo då ta like mykje av det andre.
|