|
Sv: Lavkarbohydrat-teoriene er manipulasjon
Opprinnelig lagt inn av MFUS, her.
Se hva WHO (verdens helseorganisasjon), hva sykehus verden over gir av råd (med unntak av kommersielle klinikker som driver alternativt), se hva alle lands helsemyndigheter sier samt det er bred enighet i hos fagmiljøet.
Artig at han nevner akkurat dette; har nokon lagt merke til dreininga i akkurat desse miljøa det siste tiåret? Frå å ville gjelle Fedon Lindberg i ein kvar offentleg debatt i 2000-2002, til no på ein diskrèt måte fase ut poteter og annen stivelsesrik mat i all stillheit...!
Eg hugsar så godt dei første debattane med godaste Professor Norum og Fedon Lindberg. Hersketeknikken og arrogansen frå førstnevnte opplevde eg som åpenlys. Ved å lese Lindberg den gongen indentifiserte eg raskt kva som hadde gått gale med mi eiga vekt på slutten av åttitalet, og 20 kg forsvann fort då eg prøvde første runde med fedon i 2001. Sa med meg sjølv allereie den gongen at tradisjonell kosthaldslære står for fall, og var spent på å sjå kva status ville vere om 5 til 10 år. Det er betryggande å sjå at vi er på rett veg, og at den allvitande Staten så smått har teke til å dilte etter...
Frå ein reint menneskleg ståstad kan eg forstå Professor Norum den gongen; her har ein kanskje vore landets fremste autoritet på sitt felt i langt over ein mannsalder; så kjem ein ernæringsrevolusjon som snur det heile på hovudet over natta... (Får assosiasjonar om Berlinmuren...! Ikkje påfallande populært blandt DDR sine kommunistar). For Norum sin del, så representerte dette vel strengt tatt begynnelsen på slutten av den læra som hadde vore livsverket hans i arbeidslivet.
__________________

Start: 158 Mål: 100 Delmål: 135, 128, 120 & 110
Gulrot: Småviltjakt til hausten
|