|
Sv: Nådd målet og så kom nedturen ...
Ein legg ikkje på seg 2,5kg feitt i løpet av ei veke. Er nok ein del vatn det er snakk om her. Kanskje fell det saman med syklus også. Så eg synest ikkje du skal få så veldig hetta av akkurat det.
Eg er sjølv altfor glad i godt brød og veltillaga potetrettar, men eg ser jo at eg ikkje har godt av det, derfor held eg meg unna.
Forstår det er kjipt, men gir du kroppen karbar, så craver den meir, det veit eg sjølv altfor godt. Dette handlar vel om å rett og slett gjere eit valg og prøve å halde seg til det. Kanskje lage ei og anna gulrot til seg sjølv for god jobbing som IKKJE er mat?
Og så til slutt: Ikkje gi opp! 
|