|
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
God aften!
Eg skjønar no kvifor eg aldri har fått til dette med blogg og dagbok og slike ting- det sklir ut etter ei stund...
Vel, det går så som så med denne kosten. I dag har eg vore flink då! Eg og min betre halvdel har inngått snopefri-avtale
Maten i dag:
Cc med kanel, litt fløyte og stevia.
Eitt egg, litt reker og majones.
Karry kyllinggryte (kylling, sopp, purre, paprika, blomkål, fløytesaus med karry).
Litt kyllinggryte til kvelds, pluss ca 1 dl yoghurt.
Dett var dett for i dag! Kjenner allereie eg er betre i magen og resten av systemet, for det skal seiast at eg har ikkje vore så særs flink den siste tida..... Huff og huff... Men no er det nye tider gitt!
Vekta var i dag heile 73(!!!!!!!!)kg! Og dei siste to kiloane har komt over natta omtrent, så det meste er nok vomfyll og drit i systemet rett og slett.... Jammen på tide å ta sleiva i andre neven ja!
Ha ein flott kveld vidare
|