|
Sv: Skuffa ... !
Beklager altså, men det er lov å vere LITT tolmodig. Ikkje noko unormalt med den nedgongen. Sist gong hadde du kanskje meir vatn i kroppen som skulle ut. Ein kan ikkje diktere kroppen til å gjere det hovudet vil, den må berre få lov til bruke litt tid på det. Litt tidleg å miste motivasjonen allereie. Kor mykje skal du ned? DET kan også ha noko å seie. Er det "lite", så kan det ta lenger tid.
Om du brukar meg som eksempel: Eg har gått ned godt og vel 12kg på nesten 2 år. Det går ikkje raskt nei, men eg har tenkt å leve lenge, og eg har tenkt å ha god helse. Helsa er det viktigaste, og så får det berre få lov til å ta litt tid. Rom var ikkje bygd over natta! 
|