|
Sv: Dette spiser jeg, noe som er feil her? går ikke ned i vekt
Mitt første råd er å vere tolmodig. Eg veit det ikkje er enkelt, men kroppen kan ikkje dikterast ned i vekt, den må få bruke den tida den treng. Det vil då også seie at det kan gå i rykk og napp.
No er eg ingen ketolyseekspert. Men etter det eg ser her, så ville eg kanskje prøve å kutte ned på bruken av fløte/søtning, og køyre reine produkt ei stund, ete når ein er svolten, prøve å kome litt bort frå "koseeting" - om eg kan kalle det det? Holidaydippulver høyrer vel ikkje heime på lavkarbo i det heile tatt. Eg veit den er god, altså! Men ferdigpulver er ikkje bra.
Hang in there! 
|