Eg starta på ketolysekuren juli 2010. Gjekk ned nesten 10 kg første månaden (startvekta viste 115 kg og eg er 173 cm høg) og i november viste vekta 97,7 kg og minus 17,3 kg Så har eg hatt ei tøff personleg periode og 5 kg kom raskt på igjen i løpet av desember og januar. Har no vore i ketose i snart 3 veker med eit kh inntak på ca 50 gr pr dag og det fungerar kjempe godt. Eg trenar ikkje så mykje som eg gjorde i haust, men det skal eg starte med igjen når snøen og kulda forsvinn. Eg har snart gått ned dei 5 kg som kom på og eg har eit ynskje om å gå ned 10 kg til sommaren. Totalt vil eg ned til ca 75-80 kg, men eg har bestemt meg for å gi kroppen den tida den treng, eg har ikkje lyst på hengehud og då er det greit at det tek laaaang tid I dag har eg faktisk ete ca 70 gr og det skal bli spennande i kveld om eg fortsatt er i ketose. Har ete berre to måltid, men åt to rugrundstykker frå Hatting til frokost og berre dei var det 50 gr kh i. Men det var eg klar over, eg prøvar å teste litt ut kor mykje kroppen min toler. Eg har vore i ketose opp mot 60 gr kh, så 70 gr kh er nok kanskje i overkant, men eg er fast bestemt for å finne mi øvre grense og då får eg berre ramle ut av ketose den dagen eg går over